DSC_7853.jpg

Overtråkk

No begynne endeleg snøen og isen å smelte frå stiane, dermed er stisesongen i gong! Etter ein lang og kald vinter med milevis tilbakelagt på tredemøller og på isete asfalt er ikkje anklane lenger van med ustabilt og variert underlag.

 

Dersom ein ikkje har vore flink til å trene balanse inne i løpet av vinteren, kan anklane vere utsette for overtrakk når dei kjem ut på stien. Kva kan ein då sjølv gjere for å unngå dette?

Det er jo sjølvsagt med stiløping som med all anna trening; man blir god på det man trenar på, så vil du (og anklane dine) bli god på stiløping, må du springe på sti. Og som med alt anna, start roleg. Du treng kanskje ikkje ta den første stituren på den mest teknisk avanserte løypa. Om løperunda er halvt om halvt med sti og grus/asfalt, kan det vere lurt å starte med stidelen medan konsentrasjonen framleis er på topp og anklane ikkje har begynt å bli slitne.

Balanse er ein viktig del av førebygging og behandling av overtrakk. Her kan bosuballar, fitnessballar, slynger og balanseputer av ulike variantar nyttast. Når ein trenar balanse er det alltid viktig å hugse på at med ein gong noko blir enkelt eller at du meistrar øvinga lett, er det tid for progresjon.

Implementer gjerne desse balansemomenta i styrketreninga di. Eksempel på dette kan vere:
- Utfall bakover i slynge. Her kan du stå med bakre fot i slynga og senke deg roleg bakover før du pressar opp igjen. For vanskelegare variant, plasser den fremre foten på ein bosuball. Øvinga kan også utførast med vekter i hendene. I denne øvinga får du i tilleg styrka opp framside lår og sete, noko som allereie er muskulatur som er relevante når du skal springe.
- Ufall på bosu. Her kan du stå med anten berre den eine eller med begge føtene plassert på ein bosuball kvar.
- Hopp på bosu. Du kan hoppe frå ein bosuball til den andre, anten med samla føter eller med ein og ein fot. For progresjon kan du hinke. Har man noko i hendene eller ei oppgåve man skal utføre medan ein står på bosuballen, for eksempel eit kast og/eller mottak, stiller dette også krav til balansen.
- Stuparen/the diver. Denne kan gjerast både med og utan vekt. Ynskjer du ei ekstra utfordring, stå på ei balansepute eller på ein bosuball. Her får du trena bakside lår og sete, noko som også førebur kroppen på løp.

NB: er det fyrste gong du trakkar over? Då skal oftast røntgen vurderast for å utelukka beinbrot.

Kjenner du deg igjen i noko av dette? Ta gjerne kontakt for undersøking, diagnostisering og tilpassa trening for nettopp deg og dine anklar.

Mvh
Hanne Osvold Ness, Naprapat hos NaprapatGruppen Fornebu og Asker