top of page
DSC_7927 – Kopi.jpg

Løparens akilleshæl

2022 - nytt år, nye løp, nye mål, nye personlege rekordar og ikkje minst mykje kjekk trening. Så kjem fort «akilleshælen».

 

Løparens «akilleshæl» er eit kjent smerteområde som dukkar opp i tide og utide, særleg når det passar som minst. Kva meiner naprapaten er årsaken og kva gjerast for å førebygge dette?

Januar er månaden som for dei fleste av oss er ein frisk start på det nye året, og for mange, ambisjonar kring trening etter julas etegilde. For andre er dette tida der ein legg grunnlaget før løp og konkurransar seinare av året. Treningsmengda auker, både i volum og intensitet, det same gjer belastninga på kroppen.

Ein «akilleshæl» ved auke i treningsmengda er nettopp det - akillesen. Ved løping, spesielt på hardt underlag er denne utsett. Den blir utsett for slitasje og fleire små rupturar, såkalla små-strekkar, i sena, noko som endar i at den blir irritert og i verste fall betent. Dersom ein kjenner på akillesen, kan det i nokre tilfelle kjennast ut som at ein tek på kram snø, og ved andre tilfelle er den raud, varm og hoven.

For å førebygge problem med akillesen er det spesielt ei øving som er ekstra viktig, nemleg tåhev. Dette burde vere ein del av styrkeprogrammet heile året, då den verker både førebyggande og behandlande. Og som løpar – kven vil vel ikkje ha sterke leggar? I tillegg til tåhev er det også nyttig å undersøke om ein har andre svakhetar som påverkar og må styrkast opp, i tillegg til å køyre alternativ trening og ikkje berre springe.

Korleis du avviklar steget ditt og korleis foten din er forma er også ein faktor som gjev auka risiko for akillesproblematikk. Dersom foten din fell innover når du spring, vil du også få eit drag på akillessena, noko som fører til meir belastning på den. Dette kan vere noko å tenke på når ein kjøper sko og at skoen er tilpassa din fot og ditt fotavtrykk. I nokre tilfelle kan også ein såle vere eit fint verktøy for å støtte opp vrista samt å hjelpe foten til ei meir «normal» stegavvikling.
For å undersøke akillessen kan ein behandlar undersøke foten klinisk etter ein grundig anamnese. Ultralyd er også eit nyttig verktøy i diagnostiseringa av akillesproblematikken. I behandlingssamanheng nyttast ofte trykkbølge i kombinasjon med andre manuelle teknikkar, sjølvsagt i tillegg til trening.

Førebygging er alltid betre enn behandling, så start gradvis. Elles vil vi ønske deg eit godt nytt treningsår!



Skrevet av naprapat Hanne Osvold Ness

bottom of page