top of page

Smerter under foten

 

Har du opplevd smerter under foten? Smerter som aukar når du spring, er vondt dei første stega på morgonen og etter at du har sutte i ro? Smerter som strålar i tærne? Skeivstillingar i foten? Det er utruleg plagsamt, men det finnast håp!

 

Plantar fasciitt er noko fleire har høyrt om. Eller kanskje til og med hælsporre. Plantar fasciitt er ei overbelastning og irritasjon av plantarfasciaens (bindevevet under foten) feste til hælbeinet. Når den er irritert, blir den vond å trakke på og ein får dei karakteristiske smertene under hælen. Desse smertene kjem ofte smygande og kan forverrast dersom ein ikkje avlastar og igangsett tiltak. Det er ofte vondt dei første stega ein tek ut av senga på morgonen og ein kan bli haltande før det kjem seg litt etter litt. I løpet av dagen kjem desse smertene gjerne igjen på same måte dersom ein har sete i ro og skal opp å gå.  Dersom ein er ute og går eller spring, blir smertene ofte verre og ein blir til slutt haltande her også.

 

Utløysande årsakar til kvifor ein får plantar fasciitt, kan vere fleire og samansett. Nokre årsaker kan vere idretten du driv med og om dei inneheld t.d. mykje springing og hopping. Det kan vere korleis foten din er bygd, om du har høg fotboge eller kanskje er plattfot. Overvekt kan også påverke då det auker belastninga på foten. Ofte kan ein kombinasjon av trykkbølgebehandling, øvingar og såler ha god effekt mot dette.

 

Dersom ein har strålingar i foten og ein opplever at tærne domnar vekk, kan dette komme av noko kalla mortons nevrom. Dette er ein tilstand der nerva mellom beina i foten kjem i klem, blir irritert og dermed fortjukka, noko som fører til nervestråling ut til tær og følelsen av at dei domnar vekk. Kjenner ein på desse symptoma er det viktig å bruke sko som er breie framme og som ikkje klemmer, høge hælar bør unngåast og ein tilpassa såle kan vere ein fordel, ofte med ein pelott som separerer beina i foten sånn at nerva får kvile. 

 

Så kva gjer ein om ein kjenner seg igjen i desse symptoma? Plantar fasciitt er ein normal tilstand og noko dei fleste terapeutar ser mykje av på klinikk, så her har både naprapatar, osteopatar, fysioterapeutar, kiropraktorar osv mykje god kunnskap og erfaring. Desse vil starte med å finne årsaken til smertene dine, samt lage ein plan vidare på korleis du skal bli kvitt dei. Hugs at det finnast som regel alltid noko du kan trene for å oppretthalde både styrke og kondisjon, så fortvil ikkje, du kan trene det som er smertefritt og friskt.

 

Hanne Osvold Ness, Naprapat, NaprapatGruppen Fornebu og Asker Sportsklinikk

bottom of page