top of page

​

ARTROSE

Er du redd for å få artrose (slitasje i ledd) når du spring? Løping kan tvert imot ha motsatt effekt.

Artrose er ei ganske utbreitt plage som rammar mange, gjerne når ein er litt opp i åra. Artrose er enkelt forklart slitasje på ledd. Mange trur at det er belastninga som er sjølve hovudårsaken til utviklinga av artrose, men det treng det ikkje å vere. Det kan ha samband med tidlegare skadar, genetikk og livsstil. Dei vanlegaste ledda som blir råka er kne, hofte, ryggrada og hender. Symptoma på artrose i ledd er ofte hovne, stive og smertefulle ledd.

Det finnast ingen «quick fix» for artrose, men derimot mange tiltak som kan betre symptoma og gjere til at du kan trene og leve som normalt. Sjølve slitasjen i ledda kan ein ikkje reparere, men styrketrening rundt leddet kan vere med på å avlaste belastninga på sjølve leddet og redusere smertene herifrå. Når vi her pratar om styrketrening, er det tung styrketrening vi pratar om. Less på med vekter, køyr få repetisjonar, gode pausar og godt med restitusjon. Trening kan redusere smerte, betennelse, svakheit og utmatting i muskulaturen samt hjelpe til med å oppretthalde bevegelsessomfanget. Det bremsar også utviklinga av artrosen.

Det er ok å kjenne litt smerte undervegs i treninga, men dersom du har smerter etter trening, bør ein kanskje redusere litt intensiteten på det ein driv med. Dersom dette er springing, kan ein dra litt ned på mengda og auke volumet på styrketreninga, samt trene alternativt ein periode for å redusere belastninga på ledda. Her er sykkel, ellipse, symjing og ski fine alternativ. Ein kan også springe i motbakke då det også reduserer den mekaniske belastninga på ledda. Dersom ein er tung kan også vektreduksjon vere gunstig for å redusere vekta ledda må bære.

Konklusjon? Du treng ikkje vere redd for artrose når du spring aktivt eller kutte ut springinga dersom du har fått eit røntgenbilde som viser artrose. Legg heller litt fokus på styrketreninga for å bygge opp muskulaturen rundt dei utsette ledda for å auke toleransen i muskulaturen og avlaste ledda. Faktisk kan stillesitting vere meir farleg for utvikling av artrose enn springing.

Er du usikker på om noko av dette gjeld deg, ta gjerne kontakt med ein terapeut (naprapat, osteopat, fysioterapeut, manuellterapeut, kiropraktor), så vil denne hjelpe deg vidare på vegen som er best for deg.

God trening!

Mvh
Hanne, NaprapatGruppen Sportsklinikk

 

​

bottom of page