Hopparkne
Har du smerter under kneet ved løpe- og styrkeøkter, men kan sykle smertefritt? Er det ømt om du trykker rett under kneskåla? Har du testa betennelsesdempande utan effekt? Då kan det vere du har hopparkne.
Hopparkne gjev vanlegvis smerter langs den nedre kanten av kneskåla. Hopparkne kan starte med smerte etter eit enkelt hopp, ein kraftprestasjon eller ei hard treningsøkt. Som oftast er diagnosen knytta til idrettar med stor kraftutvikling som fotball, handball, volleyball, basketball, tresteg mm. For andre kjem symptoma meir snikande. Vanlege symptom på hopparkne kan vere:
-
smerte og ømhet rundt kneskåla
-
hevelse
-
smerte ved hopping, løping eller gåing
-
smerte når du bøyer eller rettar ut beinet
-
nokon opplever samtidig ømhet bak kneskåla
Diagnose
Symptoma på hopparkne kan likne andre medisinske problem. Mitt tips er derfor at du rådfører deg med ein terapeut med erfaring med idrettsskader for å sikkerstille diagnosen samt at du får eit godt trenings- og behandlingsopplegg.
Behandling
Oftast er den beste forutsetning for å bli bra at du avsluttar all aktivitet som forårsakar smertene til skaden i stor grad har lega. For deg vil det innebere å avvente løpeaktivitet samt styrketreninga som gjev smerte. Eg anbefala at du fortsette med sykling og gjerne gjer dette meir enn tidlegare for å oppretthalde god fysisk form. Resultatet ved ein kvar form for rehabilitering vert oftast betre når du opprettheld god fysisk form under rehabiliteringsperioden. Anna behandling som kan hjelpe er:
-
manuell behandling av tilhøyrande og tilgrensande muskulatur samt kompenserande musklar
-
manuell behandling av stive ledd som gjev meir belastning av skadestaden
-
laser
-
skanlab (strømbehandling)
-
tverre friksjonar eller trykkbølgebehandling (anbefalast først når du har hatt skaden i over 6 veker)
Opptrening av hopparkne
Ei veldokumentert behandling av hopparkne er eksentrisk trening og heavy slow resistance training.
Følgande treningsprogram fungera ofte svært godt:
Stå på skrått underlag med føtene peikande nedover. Senk deg ned på det «smertefulle beinet» så langt du klarar. Lett smerte er ok. For å kome tilbake til utgangsposisjonen nyttast begge bein.
-
3 x15 repetisjonar
-
2 gongar per dag
-
kvar dag i 12 veker
Deretter går du over til heavy slow resistance training. Det innebere at du står på det same skrå underlaget på eit bein. Senk deg sjølv sakte ned på same måten som ved eksentrisk trening, men skilnaden her er at du skal reise deg opp igjen på same bein, så det er berre eit bein som skal jobbe om gongen. Bruk 3-5 sekund på vegen ned og 3-5 sekund på vegen opp.
-
3x6-8 repetisjonar
-
annankvar dag
Kombinerast treningsprogrammet med manuell behandling og rettleiing vil du mest truleg få best effekt.
​
Blir du ikkje bra av behandling og trening anbefala eg at du gjer ei utvida analyse av årsaker frå rygg, bekken og fot. Dette kan gjerast av manuellterapeut, naprapat, fysioterapeut, osteopat eller kiropraktor. Ei analyse av fotstillinga kan og vere årsaka og truleg kan du ha nytte av innleggssolar. Er alle nemnte tiltak prøvd og du ikkje vert bra bør du oppsøke ein idrettslege. Han kan då eventuelt prøve injeksjonsbehandling. I verste fall kan operasjon være en siste utveg. Berre i sjeldne tilfelle er det nødvendig å ta MR bilder av eit mistenkt hopparkne.
​
Lukke til!